onsdag 30. mars 2011

1-års fotografering | naturlig lys

Eg har mine mistanker om at denne jenta er født til å vere foran kamera!
Ho strålte om kapp med sola så lenge ho vart tatt bilde av, 
og såg helst at vi ikkje tok for mange pauser ;)



tirsdag 29. mars 2011

Nyfødtfotografering | Naturlig lys | Nye bakgrunner

Sidan den lille jenta som skulle kome i studio idag, vart sjuk... 
så heiv eg meg rundt og tapetserte litt i staden! 
No har eg fått laga meg 4 nye bakgrunner, som eg gledar meg til å teste ut! 
I morga kjem dei ei trulte på 1,5 år, så det spørs om ikkje vi får testa litt då!

Forrige veke hadde eg bl.a. besøk av ei nydelig lita jente som var nesten 1 måned, 
det er alltid like spennande om vi då får til den type nyfødtbilder som vi ønsker... 
sidan dei ikkje søv like tungt som heilt i starten. 

Mellom 2 og 10 dager er den perfekte alderen for nyfødtbilder!

Denne gangen hadde vi flaks og det gjekk bra, 
og vi fekk tross alderen mange og varierte bilder.


Ha ei strålande og produktiv veke alle sammen! 

....og når eg seier produktiv, 
så tenker eg litt på jobbfronten, men aller mest på heimefronten
"making babies"

p.s. det er aldri for tidlig å booke nyfødtfotografering, 
ta gjerne kontakt allerede når du har terminen klar!

tirsdag 22. mars 2011

Barnefotografering | Naturlig lys

Eg var så heldig at eg fekk knipse nokre bilde av sjarmisen Odin idag, 
ENDELIG fekk eg brukt vintagebilen...Det har eg venta lenge på!

Sjølv på ein ganske grå og rufsete dag, 
syns eg lyset eg har i studio er tilfredstillande! 
Det er kjekt å sjå! :)






 
Ikkje nok med at eg fekk låne denne nydelige guten, 
men mi kjære Camilla kom også med det vakraste maleriet til meg. 
Ho er ein fantastisk dyktig kunstner, 
og eg trur nok at når folk først får augene opp for denne dama, 
ja då vil ho gjere det stort!!
Maleriet eg fekk skal nok få henge i studio ei stund, 
slik at alle som er innom også kan få nyte dette flotte kunstverket!

Og om du skulle vere interessert i kjøpe maleri fra Camilla, 
så veit eg det at ho tar imot bestillinger! ;)

I morga er det lisjelaurdag... i tilfelle du lurte :)
...og eg gledar meg til å ta imot nok ei skjønn lita prinsesse i studio! :)

Drøm søtt

fredag 18. mars 2011

HELP JAPAN

Som så mange andre flotte medbloggere oppfordrer eg alle til å 
gi med hjertet
til tsunamiofrene i Japan.

Trykk på bildet under for å komme inn på Røde Kors sine sider, 
der kan du bidra og gjere ein forskjell!


Bli engasjert og gi din støtte, sammen er vi sterkere

torsdag 17. mars 2011

Babyfotografering | Naturlig lys

I ein hektisk kvardag, blir det lite tid til blogging! 
Men eit bilde eller to... ja det har eg jammen tid til å dele med dere!! ;)

Ei gullego lita jente uta øyane, fotografert i naturlig lys her i studio hos meg.

 
Her i Ulsteinvik er det mykje som minner om VÅÅÅÅÅÅÅR!!! 

Ha ein strålande dag der ute

tirsdag 1. mars 2011

Bryllupsfotografering

I helga var eg så heldig at eg fekk vere med Silje & Silje på roadtrip til Kragerø.
På agendaen stod det fotografering av bryllupet til Charlotte & Paal. 
Det har for meg vore ei utruleg lærerik og kjekk helg, 
og eg er takknemlig for at eg fekk denne muligheten! 

♥  TUSEN TAKK  ♥

Eit fantastisk nydelig par, herlig location og gode kollegaer, 
made my weekend!! 
Eg storkosa meg på min aller 1. bryllupsfotografering, 
sjølv om vi møtte på ein god del utfordringer undervegs! ;)

Håper brudeparet blir fornøgd med bilda, 
her er ein liten smakebit av mine bilder...


Related Posts with Thumbnails